lørdag 10. januar 2009

Blogg - ein aktivitet for sofaslyer!

I heile min barndom drøymde eg om å ha ein underjordisk idrettshall i kjellaren, men no har det byrja å gå opp for meg at dette kan bli noko problematisk å få til. Den siste tida har eg difor tenkt ein del på kva for aktivitetar og hobbyar som passar for meg, og det eg er ute etter er aktivitetar med sofaen som arena. Eg har innsett at prøving og feiling er eit "must", og eg skal skrive litt om desse forsøka.

Aktivitet 1: Baking
+ ofte gode resultat
+ tida går fort
+ rom for kreativitet og eksperiment
+ bra for andre enn meg sjølv
+ relativt billeg
+ resultatet kan nytast på sofaen
- auka kaloriinntak
- oppvask
- for langt frå sofaen
- må planleggast
- blir fort lei

Oppsummering: Dette er ein aktivitet som eg likar, men som ikkje passar meg i lengda. Dersom eg held på litt for lenge får eg kjensla av husarbeid, og det HATAR eg!

Aktivitet 2: Teikning
Her slepp eg å liste opp pluss og minus. Eg har relativt god sjølvinnsikt, og VEIT at eg manglar talent i så stor grad at det ikkje er moro.


Aktivitet 3: Sing star

Denne aktivteten kan nok Johan gi ei betre skildring av. Eg får rett og slett ikkje lov til å kjøpe Playstation etter at han høyrde meg i jula. Eg synest det er fantastisk morosamt, sjølv om eg er minst like dårleg på song som på teikning. Det er ein utfordrande aktivitet med konkurranseelement, OG han kan gjennomførast som ein ekte sofaaktivitet. Særleg det siste er viktig.
Tips: Ikkje start med Abba Sing star dersom du skal overtyde andre om at dette er ein fin aktivitet. Start med nokre enkle songar (t.d. norske schlägers)ETTER at tilskodarane har drukke ei bra mengde vin.

Aktivtet 4 kjem i neste innlegg.

4 kommentarer:

  1. Hehe, kva er neste aktivitet? Strikking? Der er det iallefall mange pluss...

    SvarSlett
  2. Grattis med blogg!
    Eg vil ikkje anbefale fuglebretting. Det tek all den energien, konsentrasjon og motete du måtte ha..

    SvarSlett
  3. Jau her ser eg for meg at ein fort kan få ein spanande følgjetong kring "Singstardebatten"
    Eg har sjølv berre lurt meg til liknande aktivitetar i landsens kjellarar i Lofoten, etter klokka 24, og før eg får lyst til å prøve meg på bee-gees.repertoaret har alltid vore prega av improvisasjon og vokalperc.

    Har tenkt å spørje Stranda budeie om fuglebretting er det same som bird-boarding....??

    SvarSlett